Alma-M fikk god omtale i artikkel publisert i Fitjarposten 12. august 2017. Et utdrag av artikkelen er vist nedenfor.

Publisert 12 august 2017 Skriven av Håkon C

Eit fantastisk motiv frå dagleglivet i Kambodsja Eit fantastisk motiv frå dagleglivet i Kambodsja. Her sit faktisk passasjeren og søv med hovudet mot skulderen til føraren mens motorsykkelen fresar avgarde. Foto: Adrian Digernes Særsten.

Utstilling med Kambodsja-motiv

Rundt 25 fekk med seg opninga av utstillinga «På tur i» i Galleri Losjen i går kveld. Dei fekk og høyra om prosjektet «Alma M».

Utstillinga som er ein del av Fitjarfestivalen vart opna av varaordførar Agnar Aarskog.

– Det er med aller største glede eg ønskjer Adrian Digernes Særsten tilbake til Galleri Losjen, sa han og synte til at det er andre gongen Særsten har utstilling her.

Særsten fortalde så litt om prosjektet og konkluderte: – Eg har leita etter det vanlege, spesifikke med Kambodsja og utstillinga gjev uttrykk for noko av det eg fann, sa han.

Adrian Digernes Særsten har elles nyleg hatt avgangsutstilling ved Oslo Fotokunstskule. Han har tidlegare mellom anna hatt utstilling på Oslo S, og som sagt iGalleri Losjen. Saman med tanta si Haldis Særsten, som driv hjelpeorganinsasjonen Alma-M, reiste han til Kambodsja og dokumenterte korleis livet var der.

Fotokunstnar Adrian Digernes Særsten Fotokunstnar Adrian Digernes Særsten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tanta Haldis Særsten var og til stades ved utstillingsopninga og fortalde om prosjektet:

– Alma M kjem ikkje av at eg har kjenningar som heiter Alma, men av det latinske uttrykket Alma Mater som betyr «nærende mor», og i det legg eg mellom anna omsorg, sjølvutvikling og slitt sett og skulegang med meir. Så er det og å gje born i Kambodsja skulegang dette mykje handlar om. Men me stør og familiar mat midlar til husleige og mat når det er naudsynt. Akkurat no har me 60 born, 60 jenter og fire gutar, me hjelper, sa ho.

Prosjektleiar Haldis Særsten. Foto: Håkon C. Hartvedt Prosjektleiar Haldis Særsten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Som eit ekstra kulturelt innslag framførte Marit Digernes to dikt til nydeleg gitarfølgje av Bård Inge Bø.

I Galleri Losjen er det og til sals varer som desse borna har laga.